Hopp til innhold

Skjebnedag for omstridd sjukehus enda med at leiar trekte seg

Forhandlingane om kva det nye fellessjukehuset på Nordmøre og i Romsdal skulle koste var i ferd med å havne i fullt havari. I dag skulle den endelege avgjerda takast. Det enda med at nok ein leiar forsvann ut over sidelinja.

Sjukehustomta på Hjelset

Klokka 14.00, 17. desember 2014 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggjast her. 6 år seinare er det berre gjennomført rivingsarbeid og noko grunnarbeid på tomta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

På vegen fram til i dag har direktørar og styremedlemer gått av, det har vore rettssaker, folk har gått i demonstrasjonstog, bygging har vore vedteke og anbod har blitt stansa.

I dag kunne det skje igjen. På bordet til direktøren i Helse Møre og Romsdal låg eit tilbod som er fleire hundre millionar kroner over budsjettrammene. I dag sto det berre éi sak på lista til det ekstraordinære styremøtet. Denne saka kunne ende med at avtaleforslaget frå entreprenøren Skanska blei skrota.

Fare for forseinking

Øyvind Bakke

Øyvind Bakke er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Bygginga av sjukehuset på Hjelset er allereie forseinka. Vedtaket om å byggje sjukehuset på Hjelset kom allereie i desember 2014. Etter langvarige stridigheiter blei første forsøk på ein anbodsrunde stoppa sommaren 2018. Meir enn to år seinare er det igjen fare for at utbygginga kan blir forseinka med minst seks månader.

Leiar i prosjektstyret trekte seg

Seint måndag kveld såg avstanden mellom Helse Møre og Romsdal og Skanska ut til å vere svært stor. Gjennom media, og gjennom pressemelding frå Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg utvikla det seg eit munnhoggeri og skuldingar om feil bruk av tal. Tala skulle vise om kalkylane for det nye sjukehuset var innanfor normalen eller ikkje.

Leiar for prosjektstyret Johan Arnt Vatnan

Johan Arnt Vatnan var inntil i dag leiar for prosjektstyret for SNR.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Gjennom sein kveld og natt til i dag har noko skjedd.

– Helse Møre og Romsdal beklagar at vi framstilte talgrunnlaget som berre ei bestilling frå Skanska. Skanska og Helse Møre og Romsdal er no samde om å sjå framover og å utarbeide felles talgrunnlag, sa administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke.

Han opplyste at dei omstridde tala var bestilt av leiar i prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan i forståing med Skanska. Kort tid etter blei det klart at Vatnan trekkjer seg frå prosjektstyret.

Heidi Nilsen

Heidi Nilsen, viseadministrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, tek over etter Johan Arnt Vatnan som leiar i prosjektstyret.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vatnan går av fordi det er krevjande både å vere leiar for prosjektstyret og å ha leiaransvar i selskapet Nye vegar, seier Øyvind Bakke, utan å utdjupe dette nærare.

Var Vatnan for sein med å informere styret om den store avstanden mellom budsjetta og tilbodet frå Skanska?

– Vatnan orienterte styret både i oktober og november om at avstanden var betydeleg. Styret var orientert om at dette ville bli krevjande forhandlingar. Styret var ikkje informert kor stor avstanden var. Men så skal vi jo heller ikkje forhandle med Skanska gjennom møta i styret, seier styreleiar i Helse Møre og Romsdal Ingve Theodorsen.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal

Ingve Theodorsen er styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I ei pressemelding forklarar Vatnan avgangen sin slik:

– Den vidare oppfølging av prosjektet vil krevje mye tid og involvering av prosjektstyret og eg vurderer at det ikkje er forenleg med stillinga mi som utbyggingsdirektør i Nye Veier.

Han ønskjer førebels ikkje å gje fleire kommentarar til NRK.

Ny frist

Etter turbulente døgn er Helse Møre og Romsdal samde om å halde fram samarbeidet. No har dei frist på seg til 10. januar med å bli samde om kva som skal byggast og kva prisen skal vere.

Audun Lågøyr, Skanska

Audun Lågøyr er kommunikasjonsdirektør i Skanska.

Foto: Pressebilde Skanska / Gudim

– Den avgjerande faktoren er dialogen som har vore med Skanska dei siste dagane. Skanska har bede om meir tid i håp om at vi skal bli samde. Det er ryddig av oss å seie ja til dette, seier Bakke.

– Vi er glade for at det er semje om å utsetje fristen. Dette er eit viktig prosjekt å få realisert, seier informasjonsdirektør i Skanska, Audun Lågøyr.

– Funksjonane skal bevarast

Parallelt med forhandlingane med Skanska, startar no Helse Møre og Romsdal arbeidet med ei alternativ løysing, i fall det blir nytt samanbrot i forhandlingane. Dette inneber at Helse Møre og Romsdal på nytt må gå ut i marknaden for å finne nye entreprenørar.

Og framleis er planen at sjukehuset skal byggjast om lag slik det er prosjektert no, med føde- og akuttfunksjonar, eit fullverdig lokalsjukehus også med eige psykiatribygg.

– Sjukehuset skal ha alle dei funksjonane som er planlagt inn. Analysane våre viser også at vi nok må auke dei økonomiske rammene for å få dette til.

Kan det bli aktuelt å flytte deler over til eit seinare byggetrinn?

– Vår vurdering er at alt skal byggast. Når det er sagt så kan det hende vi kan dele det opp, slik at psykiatribygget blir reist gjennom éin totalentreprise og den somatiske delen gjennom delte entreprisar., seier Øyvind Bakke.