NRK Meny
Normal

Adriana (7) døypte redningsskøyte

Det var ein stor dag for Adriana Emilie Langøy. Ho var gudmor for Ålesund si nye redningsskøyte i dag.

Det er første gong i nyare tid at ei redningsskøyte vert døypt. Båten er donert av Det Norske Veritas og skal ligge i Ålesund. Båten heter «Det Norske Veritas 2».

I dag vart redningsskøyta Det Norske Veritas 2 døypt i Ålesund. Gudmor var Adriana Emilie Langøy.

Ikkje berre har Adriana Emilie Langøy bursdag i dag og fyller sju år. Ho har også fått det ærefulle oppdraget å vere gudmor for redningsskøyta Det Norske Veritas 2. Som det lyd av namnet er det Det Norske Veritas som har donert redningsskøyta og bestefar Leif Arne Langøy er styreformann i selskapet.

– Må hell og lukke følgje deg og ditt mannskap i din ansvarsfulle gjerning langs den norske kysten, sa Adriana før ho sende sjampanjeflaska i skutesida. Ho innrømmer at ho var litt nervøs for oppgåva.

Historisk dåp

Det var eit historisk sus over dagens skipsdåp. Ingen andre redningsskøyter i moderne tid har blitt døypt på denne måten i Ålesund.

– Det er ein stor dag for redningsselskapet sine tilsette og frivillige. Eg er stolt og glad, seier Rikke Lind. Ho er generalsekretær i Redningsselskapet. Den nye redningsskøyta skal ha base i Ålesund og vert bemanna av frivillige.

– No vert beredskapen betre både for dei som ferdast på sjøen og for dei som bur langs kysten og brukar stranda, seier Lind. Redningsselskapet var ikkje nøgd med beredskapen i området slik den var.

Liten og kjapp

Redningsskøyta er ein vassjet på 45 fot og kan gå i grunne farvatn på berre ein meters djupne.

– Vi veit at hurtigheit er avgjerande når liv skal reddast. Vi har valt ein båt som kjem raskt fram og kan brukast på krevjande stadar, seier Lind.