Hopp til innhold

Bestilte lokalbåten då Liv (1) skulle døypast

Foreldra trur koronapandemien har gjort at fleire set ekstra pris på lokalmiljøet og arrangerte dåpen i byens båthamn. Men prosten ønskjer ingen ny trend.

Liv Stokke Bruset blei døypt av sokneprest Sindre Stabell Kulø laurdag i Kristiansund. Det var mor, Sylvi Stokke, som bar dåpsbarnet, og far Kristen Bruset var aldri langt unna.

Liv Stokke Bruset blei døypt av prost Sindre Stabell Kulø laurdag i Kristiansund. Det var mor, Sylvi Stokke, som bar dåpsbarnet, og far Kristen Bruset var aldri langt unna.

Midt i hamna i Kristiansund, blei vesle Liv (1) historisk då ho i dag blei den første til å bli døypt om bord i passasjerbåten Sundbåten i Kristiansund.

– Det var veldig nydeleg og flott, skikkeleg noregsreklame, seier mor Sylvia Stokke.

For sjølv om kyrkja berre ligg eit steinkast unna, bad dei prosten pent om å få bruke båten som vanlegvis fraktar kristiansundarane rundt til dei ulike bydelane.

– I denne tida har hjartet baka ekstra hardt for det nære og ein har fått forsterka lokalkjensla. Vi sett meir pris på dei tinga vi kanskje har tatt litt for gitt, seier Stokke.

Liv Stokke Bruset med foreldra sine

Dåpsbarnet Liv Stokke Bruset med foreldra sine, Sylvi Stokke og Kristen Bruset. Dei seier den spesielle dåpen blei ekstra minneverdig, sjølv om dei ikkje kunne samle alle dei ønskte.

Foto: privat

– Fekk ikkje plass til kyrkjeorgelet

Det var prost i Ytre Nordmøre prosti, Sindre Stabell Kulø, som sto for den uvanlege dåpen ute på dekk på Sundbåten laurdag. Under ein skiftande himmel velsigna han Liv Stokke Bruset (1), som sat på armen til mor si.

– Vi tok med døypefonten og dåpsvatnet, men kyrkjeorgelet fekk ikkje vi plass til, seier Kulø lattermild.

Dåp på Sundbåten

Sundbåten pynta til fest. Passasjerbåten går i daglege ruter til dei ulike bydelane i Kristiansund.

Foto: privat

Pandemien har ført til meir fleksibilitet

Dei siste åra har mange flytta bryllaupsseremoniane ut av kyrkjeromma og rådhusa.

Kulø fortel at dei rett som det er døyper barn ute i friluftsgudstenester, men at dette er første gong han har gjennomført ein dåp om bord i ein båt.

– Vi ønskjer ikkje ein trend der dåpen skjer mest mogleg utanfor kyrkjerommet, men samtidig har pandemien synleggjort at det let seg gjere. Vi prøver å strekke oss langt for å seie ja, men må gjere vurderingar i kvart enkelt tilfelle, seier Kulø.

Ikkje minst har det vore viktig under pandemien med stadige endringar rundt kor mange som kan møte opp. Små dåpsgudstenester har blitt meir vanleg.

Liv Stokke Bruset

Liv Stokke Bruset på dåpsdagen sin.

Foto: privat

Invitert til konfirmasjon same stad

Det var ingen baby som blei boren til dåpen laurdag, men ein eittåring kledd i bunad, slik som foreldra. Dåpsbarnet fekk æresmedlemskap i Sundbåtvesenet og invitasjon til å gjennomføre også konfirmasjonen på passasjerbåten, når den tid kjem.

Familien er glad for at dagen blei heilt spesiell.

– Slik blei det ekstra minneverdig, sjølv om vi ikkje kunne samle alt av slekt og vennar, fortel ho.

Reisetips.

Sundbåten er ein passasjerbåt som går i rute mellom dei fire bydelane i Kristiansund; Innlandet, Nordlandet. Gomalandet og Kirkelandet.