Hopp til innhold

Døydde under russisk julefeiring

Ingen andre såg kva som skjedde då ein mann døydde i ei fallulykke på Fiskerstrand Verft.

Ulykke Sula

Mannen som døydde i ei ulykke ved Fiskerstrand Verft søndag deltok på russisk julefeiring om bord på ein båt.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Mannen som døydde søndag var mannskap på ein av to russiske båtar som er inne til reparasjon ved Fiskerstrand Verft i Sula..

– Ulykka skjedde på fritida. Russarane har jo ein annan kalender, og i helga hadde dei julefeiring. Mannskapa på dei to båtane besøkte kvarandre, seier HR-leiar Elise Gjermundrød ved Fiskerstrand Verft.

Elise Gjermundrød

– Ulykka går sterkt innpå oss, seier HR-leiar Elise Gjermundrød ved Fiskerstrand Verft.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Er det grunn til å tru at det kan ha vore alkohol inne i bildet her?
– Det kan eg ikkje spekulere i. Vi får vente og sjå kva som kjem fram i politiet si etterforsking.

– Dette er noko som går inn på oss. Vi har eit svært godt samarbeid med dei russiske båtane og reiarlaga, seier Elise Gjermundrød.

– Ingen såg kva som sjedde

Ifølge HR-direktøren var ingen andre i nærleiken då mannen fall ned frå dokka på verftet.

Ho seier det er heilt vanleg at mannskap bur og søv om bord i båtar som er på reparasjon.

Fallulykke Sula

Mannskapa på dei to russiske båtane besøkte kvarandre, men truleg var ingen i nærleiken då fallulykka skjedde.

Foto: Hans-Olav Landsverk

– Men kan det ikkje vere ein tryggleiksrisiko knytt til at så mange bur og lever om bord på båtane?

– Det har gått bra i alle år. Det går bra når ein følger dei reglane som finst, seier HR-leiar Elise Gjermundrød ved Fiskerstrand Verft.

Verftet hjelper politiet

Ho seier verftet vil gjere det dei kan for å hjelpe politiet med å finne ut kva som skjedde då mannen døydde søndag.