Banken har tidlegare bestemt at dei skal legge ned minibanken i turistbygda frå første januar 2005.
Minibanken er den einaste i turistbygda, der fleire hundre tusen turistar kvart år er innom. Frå nyttår vil den noverande minibanken uansett forsvinne fordi den er for gamal.
Spørsmålet er om det vil kome ein som erstattar den.
- No er det opp til næringslivet i Geiranger å skissere løysingar for at minibanken skal halde fram, seier regionbanksjef i Sparebanken Møre, Trond Nydal.