Hopp til innhold

Ferjedøra stod vidopen med 2-åring få meter unna

Tom André Hjelden skvatt då han oppdaga at ei ferjedør stod på vidt gap like ved bilen. – Eg var kjapp å løfte gutungen, seier Hjelden. Fleire har opplevd det same.

Open dør på ferja Ullensvang

Døra stod open på ferja mellom Molde og Vestnes då Tom André Hjelden og 2-åringen hans skulle hente ein smokk i bilen.

Foto: Tom Andre Hjelden

Då Tom André Hjelden tok ferja Ullensvang mellom Molde og Vestnes laurdag fekk han seg ein støkk. Sonen Thorin på to år hadde gløymt smokken i bilen og dei to forlét salongen for å hente den.

– Plutseleg såg eg at døra bak bilen vår stod på vidt gap rett ut i sjøen. Eg var kjapp å løfte opp gutungen, seier Hjelden.

Fort gjort å ramle ut

Vanlegvis brukar han å sleppe handa til Thorin etter at dei har gått den bratte trappa, så han får springe sjølv.

– Eg skvatt sjølvsagt og vi måtte liste oss forsiktig bort til bilen, for det var hard sjø og vi sjangla, seier Hjelden.

Han observerte også ein annan familie med tre barn og tør ikkje tenke på kor fort gjort det er for eit barn å ramle ut. Hjelden varsla kafetilsette om døra, som igjen varsla mannskapet. Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka.

Vurderer å melde saka til politiet

Steinar Johan Mathisen, daglig leder Boreal sjø, i hurtigbåten Jernøy.

Steinar Mathisen i Boreal seier at dei vurderer å melde saka til politiet fordi det kan dreie seg om sabotasje.

Foto: Nordland fylkeskommune

Det er reiarlaget Boreal som trafikkerer sambandet. Dei seier seg lei for hendinga og har sett på det som skjedde saman med mannskapet og Norled, eigaren av ferja Ullensvang. Dagleg leiar i Boreal Sjø, Steinar Mathisen, forklarar at mannskapet lukka døra med terser før ruteoppstart. Dei har aldri hatt tilsvarande problem før.

– Det kan ikkje utelukkast at døra har blitt opna av uvedkomande etter avgang frå Molde, seier Mathisen. Dei vil vurdere å politimelde saka. For å hindre at det skjer fleire gongar, har dei sett lås på døra. Også andre ferjer får lås på utsette portar og dører.

Uønskt hending

Sjøfartsdirektoratet ser på helgas episode som ei uønskt hending.

– Vi ventar umiddelbart korrigerande tiltak og vi ser alvorleg på at døra har stått open på eit bildekk der det ferdast menneske, seier kommunikasjonsrådgivar Marit Nilsen. Dei var på tilsyn tysdag og fann at alt var i orden.

Trur rutinane svikta

Fleire andre har opplevd det same som Hjelden, med andre ferjer og andre ferjeselskap. Olav Lovis Tjervåg drog frå Molde saman med kona, då dei forskrekka oppdaga at ei dør stod open, rett ut i fjorden.

– Kona blei ståande og halde vakt, medan eg henta hjelp, fortel Tjervåg. Den gong var det Fjord 1 som trafikkerte strekninga og ifylgje Tjervåg forklarte mannskapet at dei sjølve hadde gløymt å late att døra. Tjervåg trur det er rutinane som har svikta denne gongen også.

– Nokon kunne ha mist livet med døra heilt open, seier Tjervåg. Regionleiar i Fjord1, Jan Petter Thomsen, seier at dette ikkje skal skje.

– Det er ein gong slik at når ein held på med operasjonar utført av menneske kan det skje gleppar dessverre. Dette er noko alle reiarlag jobbar aktivt med å forhindre, seier Thomsen.

Også på ferja mellom Festøy-Solavågen stod døra open. Ei kvinne filma dette 25. februar 2020.

Filma open dør

Ei kvinne NRK har vore i kontakt med hadde tilsvarande oppleving på ferja mellom Festøy-Solavågen på Sunnmøre i februar i fjor. Ho var vitne til at døra glei opp av seg sjølv og stod open under heile overfarten.

– Det er skummelt. Ofte kjem jo barn springande, seier kvinna. Regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker, beklagar at døra blei ståande open og seier at dette ikkje skal skje. Årsaka er at prosedyrar ikkje har blitt følgt. I juli 2020 fortalde Sunnmørsposten ei tilsvarande historie frå same strekninga.

Tom André Hjelden trur ikkje på forklaringa til Boreal om at nokon av passasjerane har opna dør.

– Eg blir provosert over det. Eg har jo prata med andre som har opplevd det same, seier Hjelden.

LES OGSÅ: