Hopp til innhold

Må i fengsel for å ha tent på nabohuset

Ein mann frå Søre Sunnmøre er dømt til fengsel i to år og éin månad for ein rekke brotsverk, der det mest alvorlege punktet gjeld eldspåsetjing.

Sunnmøre tingrett

Ein mann frå Søre Sunnmøre er dømt til fengsel i to år og ein månad etter ein rekke lovbrot.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det var i oktober i fjor at mannen i slutten av 20-åra helte brennbar væske på inngangspartiet til ein bustad i Ulstein. Mannen hadde drukke alkohol og var svært full etter å ha vore innom fleire utestadar.

Mannen ringde etter ei drosje og i løpet av drosjeturen heim ringde han AMK-sentralen på grunn av smerter i ribbebeina. Han hadde også bede drosjesjåføren om å køyre han til sjukehuset i Volda, noko drosjesjåføren ikkje ville då mannen tidlegare hadde sagt at han var usikker på om han kunne betale.

Vakthavande i AMK-sentralen svara at dei ikkje kunne sende ambulanse og at tiltale skulle ta noko smertestillande. Det likte ikkje mannen som då svara at ville tenne på nabohuset, slik at politiet ville kome. Ifølgje dommen skal mannen også ha sagt at då ville han bli kvitt nokre negerer i same slengen. Drosjesjåføren, som hadde høyrt samtalen, bad mannen om å ikkje gjere dette og køyrde han heim.

Tente på nabohuset

Like etter at mannen hadde gått inn i sin eigen bustad, gjekk han ut igjen og mot nabohuset. Mannen hadde då med seg ei bensinkanne. På det tidspunktet budde det totalt 13 personar av utanlandsk opphav i tomannsbustaden. Mannen i slutten av 20-åra helte så bensin over inngangspartiet og tente på med lighter. Deretter sprang han heim.

Drosjesjåføren var vitne til det heile og ringde politiet. Ein nabo kom til og fekk sløkt brannen i løpet av nokre få minutt. Både brannvesen og politi rykka raskt ut til staden og mannen blei arrestert av politiet.

– Retten finn at motivet bak handlinga var å få hjelp og for å få politi og eventuelt andre nødetatar til staden, heiter det i dommen frå Sunnmøre tingrett.

41 forhold i tiltalen

Men det var ikkje berre eldspåsetjing 27-åringen frå Sunnmøre stod tiltalt for. Mannen måtte svare for totalt 41 forhold i tiltalen. Desse inkluderte mellom anna vald, fem biltjuveri, køyring utan førarkort og i køyring rusa tilstand.

Mannen har tidlegare vore domfelt for 12 biltjuveri, 10 køyringar i rusa tilstand og 16 køyreturar utan gyldig førarkort. Han blei til slutt dømt til fengsel i to år og ein månad. Dette er ei fellesstraff med ein ikkje utført del frå ein dom i Sogn tingrett i 2010. Til frådrag i straffa kjem 209 dagar som han alt har sete i varetekt.

I tillegg må 20-åringen betale eit erstatningskrav på nærare 200.000 kroner til fleire aktørar.