Dømt til fengsel for vald

Ein mann frå Nordmøre er dømt til fengsel for vald mot sambuaren sin. Mishandlinga skjedde over ei periode på fleire månader. Mannen skal blant anna ha tatt kvelartak på kvinna, slått og trua ho. Han erkjende ikkje straffskuld for tiltalepunkta mot han då han møtte i retten nyleg. Retten trudde derimot på forklaringa til kvinna og mannen i 30-åra blei dømt til ti månaders fengsel. Han må også betale 40.000 kroner i erstatning til kvinna.