Dømt til fengsel for overgrep mot si eiga dotter

Ein mann i 50-åra er i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i sju år og seks månader for seksuelle overgrep mot si eiga dotter.

Sunnmøre tingrett

DØMT TIL FENGSEL: Ein mann er i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i sju og eitt halvt år for overgrep mot si eiga dotter.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det går fram av ein dom frå Sunnmøre tingrett.

Jenta var 10 år då overgrepa starta og dei skal ha gått føre seg over fleire år. Overgrepa skjedde på Sunnmøre då mannen, som er busett på Austlandet, hadde samvær med dottera si.

Oppdaga i 2019

Saka blei oppdaga i 2019 då politiet fekk ei bekymringsmelding frå ein helsesjukepleiar på Sunnmøre. Det blei tatt avhøyr av kvinna som då var blitt 18 år.

Den no dømde mannen blei arrestert og det blei gjennomført ransaking og tatt beslag i eigendelar både heime hos han og på arbeidsplassen hans. Mannen nekta for det han var tiltalt for.

I retten forklarte mannen at han meinte dottera skulda han for overgrep fordi ho var sjalu på den nye familien hans. Ifølge dommen er det heller ikkje grunnlag for tiltalte sin påstand om at saka var iscenesett av mora til jenta ut frå eit økonomisk motiv.

Retten festar ikkje lit til desse forklaringane og meiner det er bevist ut over ein kvar rimeleg tvil at mannen er skuldig. Han blei dermed dømt til fengsel i sju år og seks månader. Det er mindre enn den ni år lange straffa aktor Ingvild Thorn Nordheim bad om under rettssaka.

Må betale 250.000 i erstatning

Mannen er også dømt for å ha produsert materiale som seksualiserer barn. Han erkjente delvis straffskuld for dette og har forklart at han innser at bileta ikkje skulle blitt tatt.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 250.000 kroner i erstatning.

Mannen sin advokat, Simen Skjønsberg, seier at dei tek endeleg stilling til om dei skal anke dommen innan to veker.

– Han har nekta straffskuld og synest derfor at det er tungt å bli dømt for dette, seier han.

Utover det ønskjer ikkje dei å kommentere saka.