Hopp til innhold

Dømt til fengsel

Ein mann i 20-åra frå Nordmøre er dømt til fengsel i seks månader for fleire lovbrot.

Mannen er blant anna dømt for tre tilfelle av vald. I løpet av same kveld slo han ein mann i ansiktet slik han braut nasebeinet. Han tok også halsgrep på ein anna og slengde han i bakken. I tillegg slo han ei kvinne i ansiktet.

Han er også dømt for skadeverk på ein bil. Mannen forklarte i retten at han var full då dette skjedde og at han ikkje huska noko av det. Alle desse hendingane skjedde ein maidag i fjor.

Mannen blei også dømt for å ha prøvd å bite ein politibetjent.