Dømt til fem år i fengsel
Ein mann i 30-åra busett i Agder er i Møre og Romsdal tingrett dømt til fengsel i fem år.
Mannen er dømt for å ha valdtatt ei kvinne. Dette gjorde han ved å true henne med ein kniv og sa at han skulle drepe ho. Han er også dømt for å ha slått, lugga og spytta på kvinna. Alle forholda skjedde på Sunnmøre.
Dei to partane var kjærastar og var i retten ueinige om den seksuelle omgangen var frivillig. Her la retten vekt på forklaringa til den fornærma kvinna som fortalde at ho ikkje turte å gjere motstand. I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 240.000 kroner i erstatning til kvinna.