Dømt for valdtekt

Ein 47 år gamal romsdaling er dømt til fengsel i fire år for valdtekt av ei jente i 11-12 års alderen. Mannen er i familie med jenta, og er også dømt for fleire andre overgrep medan ho var endå yngre. No har lagmannsretten stadfesta domen frå tingretten i vår, og mannen må også betale 200 000 kroner i erstatning til jenta.