Dømt for vald mot sambuar

Ein mann i 20-åra frå Sunnmøre er i Sunnmøre tingrett dømd til 11 månader fengsel for vald mot sambuaren sin, skriv smp.no. Valden skal ha halde på over ei periode og bestod i både slag og kvelartak. Mannen får strafferabatt fordi det har gått lang tid sidan lovbrota skjedde. I tillegg til fengsel må mannen betale 60.000 kroner i erstatning til sin tidlegare sambuar. Dommen omfattar også trugslar, skadeverk og uforsvarleg oppbevaring av skytevåpen.