Hopp til innhold

Dømt for vald mot drosjesjåfør

Ein mann i 20-åra frå Nordmøre er dømt til 120 dagar i fengsel for uprovosert vald mot ein drosjesjåfør.

Nordmøre tingrett

Nordmøre tingrett avsa dom mot mannen.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Natt til 1. januar i år var mannen passasjer i drosja på veg frå ein fest. Medan bilen var i fart tok han brått tak rundt halsen til sjåføren og pressa hovudet hans mot midtkonsollen i bilen. Deretter slo han han gjentatte gongar i hovudet med knyttneven og sparka han i ansiktet med kneet.

Ringde naudnummer

Sjåføren greidde etter kvart å stanse bilen og ringde politiet sitt naudnummer frå telefonen som låg ved setet. I retten fortalde operasjonsleiaren at dei i samtalen høyrde ein mann som sa "slepp meg", medan ein annan skreik "eg skal ta livet av deg" og "du skal døy".

Mannen stakk frå staden, men blei pågripen seinare på natta. Sjåføren fekk merker på hals, skuldrer og i ansiktet som følgje av valden. Dei neste dagane var han plaga av kvalme og hovudverk.

Legg vekt på at sjåføren var på jobb

Retten legg i skjerpande retning vekt på at det her er snakk om grov vald med preg av mishandling. Dei viser også til at sjåføren ikkje var i stand til å forsvare seg medan han også køyrde bilen.

Retten legg også vekt på at den fornærma var drosjesjåfør på jobb og at han blei angripe medan han utførte arbeidet sitt. Retten meiner drosjesjåførar som gjer teneste på nattetid har behov for eit spesielt vern.

Mannen er tidlegare straffa for fleire forhold. Han må også betale erstatning for dei økonomiske kostnadene angripe hadde for sjåføren. Han blei frifunnen for kravet om å betale oppreisingserstatning.