Dømt for vald

Ei kvinne frå Romsdal er dømt til samfunnsstraff etter fysiske og psykiske krenkingar mot den tidlegare sambuaren sin og deira felles barn. Dette skal ha skjedd over fleire år, og retten legg særleg vekt på at den psykiske valden har vore ei belastning. Kvinna må også betale 60.000 kroner i erstatning til mannen og kvart av dei tre barna deira.