Hopp til innhold

Dømt for truslar

Ein mann i 30-åra er dømt til samfunnsstraff for to tilfelle av truslar. Han blei dømt til 30 timar samfunnsstraff med ein gjennomføringstid på 120 timar.

Det var i fjor haust at mannen var i kontakt med tilsette i Vestnes kommune. Ifølge dommen trua han med å kutte ein mann i småbitar og kome etter to av dei tilsette.

Dette skjedde i samband med at kommunen skulle hjelpe mannen og sambuaren å finne ein permanent bustad. I retten forklarte mannen at han låg innlagt på sjukehus då han fekk beskjed om at dei måtte flytta frå den midlertidige bustaden dei budde i. Mannen forklarte at han blei fortvilt, både fordi dei måtte flytte, og fordi sambuaren då måtte pakke saman bustaden deira aleine. Han enda opp med å skrive seg ut frå sjukehuset mot deira anbefaling.

Nokre dagar seinare var mannen i kontakt med to tilsette i Nav. Også då skal han ha kome med truslar mot ei av dei. Dette skjedde då han og sambuaren skulle flytte inn i ein ny bustad. Mannen hadde vore irritert fordi taxisjåføren ikkje hadde stoppa på eit apotek på veg til bustaden. Han forklarte at han hadde hatt sterke smerter. Han hadde også vore kritisk til den nye bustaden og meinte den låg i eit belasta område. I tillegg hadde han vore irritert over flytteprosessen. Han vedgjekk å ha vore sint og at han kan ha sagt ting han ikkje meinte, men hugsar ikkje at han har sagt det han no er dømd for.

Rådhuset i Vestnes har vore stengt for besøkande utan avtale sidan mannen kom med truslane.

Kommunen jobbar no med å bygge om rådhuset. Dørene blir ikkje opna igjen før inngangspartiet er bygd om. Då skal glasveggar gjere at dei tilsette slepp å vere i fysisk kontakt med besøkande.

Informasjonsskilt om rådhuset i Vestnes og kva tilbod som ligg i dei ulike etasjane. I bakgrunnen ser vi rådhuset
Foto: Remi Sagen / NRK