Hopp til innhold

Dømt for tjuveri verdt 80.000

To menn frå Litauen er dømt til fengsel i fire og fem månader for tjuveri på Moa kjøpesenter, skriv SMP. Dei stal varer til ein verdi av 80.000 kroner. Vektarane merkte seg mistenkeleg oppførsel frå mennene på overvakingskamera, og sørgde for at politiet stod klare ved kaia på Hareid når tjuvane kom med ferja.