Dømt for promillekøyring
Ein mann i starten av 40-åra frå Sunnmøre er dømt til 24 dagar i fengsel og ei bot på 35 000 kroner for å ha køyrd bil med promille. Blodprøve tatt av bilføraren ein time etter køyring viste 1,94 promille alkohol i blodet. Han mistar også førarkortet i to år.