To av barna var hans eigne døtre. I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 100 000 kroner i erstatning til døtrene, og 30 000 kroner til ei anna jente.
Politiet innleia etterforskning mot mannen i fjor. Han vart sikta for misbruk av tre barn i alderen 7 til 16 år, men vart i tingretten berre dømt for overgrep mot den yngste dottera på sju år. For dette fekk han tre år og seks månader i fengsel.
Skuldig på alle punkt
Påtalemakta anka dommen. No har lagmannsretten funne han skuldig i seksuelle overgrep mot alle jentene. Mannen har berre vedgått misbruk av det yngste barnet. Det gjorde han etter at politiet fann store mengde med bilete av den sju år gamle jenta. Mannen er også dømt for å ha hatt barneporno.
Lagmansretten fant mannen skuldig på alle punkt i den alvorlege tiltalen. 36-åringen har vore varetektsfengsla sidan saka kom opp i fjor sommar, og vart umiddelbart etter dommen overført til soning av straffa.
Mannen har ikkje avgjort om han ankar dommen eller ikkje. Aktor vil rå riksadvokaten til ikkje å anke dommen.