Dømt for narkolovbrot

Ei ålesundskvinne i 30-åra er dømt til fengsel i fire år for oppbevaring av store mengder narkotika. Mesteparten av straffa er på vilkår. Hausten 2015 fann politiet mellom anna over 1,3 kilo amfetamin, nesten ein kilo hasj og fleire liter GHB. Ho er også dømt for å ha mottatt over 450 000 kroner som utbytte for straffbare handlingar. Kvinna er domfelt 11 gongar før.