NRK Meny

Dømt for innbrot

Ein 38-åring frå Ålesund er dømt til fengsel i åtte månader for ei rekkje innbrot. Tre av månadene er på vilkår. Mannen står bak ei rekkje innbrot i naust og i ein restaurant i Ålesund og i nabokommunane. Retten legg vekt på at mannen for kort tid sidan blei dømt for liknande brotsverk. Mannen er frifunnen for truslar.