Hopp til innhold

Mann i tjue åra dømt for heleri

Ein mann i midten av tjue åra blei denne veka dømt for heleri og køyring i rusa tilstand.

Sunnmøre tingrett

ILLUSTRASJONSFOTO: Ein mann i midten av tjue åra blei denne veka dømt for heleri og køyring i rusa tilstand.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det blei klart i Sunnmøre tingrett tidlegare denne veka. Mannen frå Sunnmøre blei dømt for ein rekke brotsverk, og tingretten trekkjer fram heleri av 127 kg frosenfisk, til ein verdi av 25 000 kroner, og rusa køyring frå Oslo til Ålesund som dei mest alvorlege punkta.

Straffa blei 45 dagar vilkårsbunden fengsel og 55 000 kroner i bot. Domfelte mistar retten til å føre bil i eitt år, og fekk også inndratt to kastestjerner som politiet fann under ei ransskaing heime hos mannen.

Retten såg det som formildande at den sikta erkjente straffeskuld. I dommen står det også at det er formildande at saka har hatt relativt lang liggetid hos politiet.

Påverka av narkotiske stoff

Det var i starten av 2013 at politiet oppdaga at bilen til mannen var tungt lasta, og valde å gjennomføre ein kontroll av bilen. Der fant dei 127 kg frosenfisk som mannen hadde kjøpt av ein kjenning. Mannen visste at fisken var stolen og hadde planer å tene pengar på vidare sal av fisken.

Då hadde mannen i tillegg køyrd frå Oslo til Ålesund medan han var påverka av narkotiske stoff. Folkehelseinstituttet har konkludert med at graden av påverknad samsvarte med ei alkoholpromille på mellom 1 og 1,5.

Mannen blei totalt straffa for eitt tilfelle av køyring i rusa tilstand, heleri, bruk av narkotika, samt oppbevaring og eigarskap av to kastestjerner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL