Hopp til innhold

Dømt for grovt tjuveri

Tre utanlandske statsborgarar er i Romsdal tingrett dømt til fengsel for grovt tjuveri. Ifølgje dommen har dei tre brote seg inn i ein rekke småbåthamner og stole båtmotorar og anna båtutstyr. Verdien av dei stolne gjenstandane er anslått til ca. 250.000 kroner. Mennene er også dømt for å ha gjort innbrot i to bustadar. Retten ser på tjuveria som grove ettersom dei er gjennomført på ein planlagd, profesjonell og organisert måte. Dei tre har reist til ein rekke båthamner langs kysten, frå Agder til Møre og Romsdal. To av dei dømde har tidlegare blitt vist ut av Noreg for liknande lovbrot. Desse blei dømt til fengsel i to år og seks månader, medan den tredje blei dømt til eitt år og seks månader i fengsel.