Hopp til innhold

Dømt for grov vald

Ein mann i 30-åra er dømt til fengsel i eitt år for grov kroppsskade og for å ha sperre inne ein annan mann. I tillegg er ein mann i 20-åra dømt for grov kroppsskade mot den same mannen, og for å ha medverka til å sperre han inne.

Det var tidlegare i vår at mannen i 30-åra knytte henda til ein annan mann bak ryggen hans. Dette skjedde i ein bustad på Nordmøre. I etterkant skal han og mannen i 20-åra så ha slått og sparka mannen medan han låg nede på bakken.

Mannen i 30-åra er også dømt for vald mot ein politibetjent, tjuveri og bruk av narkotika.