Dømt for fyllekøyring

Ei kvinne i slutten av 30-åra er dømt til fengsel i 45 dagar etter å ha blitt tatt for fyllekøyring i starten av juni. Kvinna frå Sunnmøre forklarte i retten at ho hadde drukke alkohol og tatt ein paralgin forte denne dagen, men at ho følte seg i fin form då ho sette seg i bilen. Utåndingsprøve tatt av kvinna viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,15 milligram. Kvinna mister også førarretten i to år, og må betale ei bot på 25.000 kroner.