Hopp til innhold

Dømt for forsikringssvindel

Ein sunnmøring i 20-åra er dømt til 45 timars samfunnsteneste for forsikringssvindel. I vår sende han inn erstatningkrav på nærare 60 000 kroner til eit forsikringsselskap, og forklarte at mellom anna tv, playstation og ein lydplanke hadde blitt øydelagt i samband med ein defekt skøyteleidning. Retten meiner det er straffeskjerpande at han er dømt for bedrageri før, men han får strafferabatt for å ha tilstått.