Hopp til innhold

Dømt for bedrageri

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til seks månaders fengsel for å ha svindla til seg i overkant av 340.000 kroner frå NAV. Ifølge dommen frå Sunnmøre tingrett let mannen i 50-åra vere å føre arbeidstimar på meldekortet sitt til NAV, og fekk difor utbetalt meir pengar enn han hadde rett på. Retten legg også vekt på at mannen tidlegare er dømt for eit liknande lovbrot.