Dømt for å ha stole medikament

Ein sunnmøring i 20-åra er dømt for å ha stole pakkar med medikament og smykke som han hadde tilgang til der han var tilsett. Ifølge tingretten tok han varer for omlag 90 000 kroner. Mannen forklarte at depresjon var årsaka til at han stal medikamenta. Han er og dømt for fyllekøyring, og må sone 25 dagar i fengsel, må utføre samfunnsstraff, må betale 10 000 kroner i bot og er fråteke førarkortet i tre år.