Hopp til innhold

Dømt for å ha retta våpen mot fleire personar

Ein mann i slutten av tenåra frå Sunnmøre er dømt til 43 timar med samfunnsstraff, subsidiært 45 dagar i fengsel, for å ha retta ein kopi av eit våpen mot fleire personar i Vatne i sommar.

Tenåringen forklarte i retten at han var på ein naustfest der han fann replikavåpenet. Etter kvart tok han den med opp til vegen for å spøke med ein kompis som skulle kome. Medan han venta retta han våpenet mot fleire som køyrde forbi. Sjølv forklarte han dette med at han ikkje viste kva type bil kompisen køyrde.

Då kompisen kom retta tenåringen også våpenet mot han og passasjerane i bilen, før han etter kvart sa at det ikkje var eit ekte våpen.

Ein mann som budde i ei campingvogn i nærleiken observerte også tenåringen med våpenet og bestemte seg for å gå ut og ta det frå han. Ifølge dommen skal den no 19 år gamle mannen så ha retta kopien av våpenet mot han og trykt på avtrekkaren.

Hendinga førte også til at politiet væpna seg og rykte ut med store styrker. Politiet slo også PLIVO-alarm, som er definert som ein aksjon med pågåande livstrugande vald.

Retten ser på det som skjerpande at tenåringen retta våpenet mot fleire personar og passerande bilar. Men retten har også vektlagt at han har erkjent straffskuld for det han gjorde og gitt uttrykk for at han angrar.