Hopp til innhold

Dommar tiltalt for å ha loge om ekskjæresten - no kan han bli dømd til fengsel

Dommar Ole Ødegård var i ferd med å få toppjobb i rettsvesenet. No blir han truleg suspendert og må sjølv møte som tiltalt i ei straffesak for å ha loge i retten.

Kristiansund politistasjon

Dommaren på Nordmøre har mange gongar bedt vitne om å forsikre at dei snakkar sant i retten, og mint dei på at det er ulovleg å lyge. No er han sjølv tiltalt for å ha snakka usant.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ole Ødegård har vore både politimeister, dommar og sorenskrivar på Nordmøre i fleire år. No er han sjølv tiltalt i ei straffesak og risikerer fengselsstraff.

Statsadvokaten i Hordaland/Sogn og Fjordane har no tatt ut tiltale mot Ødegård, fordi han skal ha lyge i retten om forholdet til ekskjæresten.

Ødegård er tiltalt etter straffelovens 365.

– Når det blir avdekt og kan bevisast at ein dommar forsettleg har avgitt urette opplysningar, meiner vi det er alvorleg, seier statsadvokat Benedikte Høgseth.

Ho seier strafferramma for brot på Straffeloven 365 er to år. Høgseth vil ikkje seie noko om kor lang straff Ødegård risikerer dersom han blir kjent skuldig.

Benedikte Høgseth

Statsadvokat Benedikte Høgseth.

Foto: Odd Skjerdal/NRK

Ber om suspensjon

Domstolsadministrasjonen har fredag føremiddag bedt Justisdepartementet om å suspendere Ødegård inntil vidare.

– Det er svært uvanleg at dommarar blir tiltalte og suspendert, seier kommunikasjonssjef Yngve Brox.

Domstolsadministrasjonen har vore kjent med politietterforskinga, men så langt ikkje vurdert det som nødvendig å be om at han fråtrer.

Ødegård er den andre dommaren på to år som risikerer å bli dømd og suspendert i ei straffesak. I 2019 blei ein dommar i Oslo tingrett dømd for å ha lasta ned overgrepsmateriale.

Yngve Brox

Kommunikasjonssjef Yngve Brox i Domstolsadminstrasjonen seier dei no har bedt Justisdepartementet om at Ødegård blir suspendert til rettsaka er ferdig.

Foto: Mari Svenning / NRK

Nektar straffskuld

Ole Ødegård er for tida sjukmeld. Han ønskjer ikkje å kommentere saka og vil heller ikkje at NRK tek bilde av han. Advokaten hans, Halvard Helle, seier han ikkje vedgår det han er tiltalt for.

– Han nektar straffskuld etter tiltalen. Det er ikkje aktuelt å gje ytterlegare kommentarar før saka kjem i retten. Eg minner samstundes om prinsippet om at einkvar er uskuldig inntil straffskuld er bevist etter lova, seier Helle.

Dommaren blei orientert om tiltalen tidlegare denne veka. Førebels er det ikkje klart når rettsaka kjem opp i Hordaland tingrett.

Halvard Helle

Halvard Helle er forsvarar for dommar Ole Ødegård. Han seier Ødegård nektar straffskuld.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Skal ha svart at forholdet var over

Bakgrunnen for den uvanlege tiltalen er spørsmålet som dommaren fekk om relasjonen til ei kvinne som var innkalt som vitne i ei opprivande barnefordelingssak.

Kvinna hadde vore dommaren sin hemmelege kjæreste, men dommaren sa at forholdet var slutt. Kort tid etter gjekk kvinna ut i lokalavisa Tidens Krav. Der fortalte ho at ho hadde fått hundrevis av tekstmeldingar etter at han hadde sagt i retten at forholdet var over.

NRK har sjølv sett fleire av tekstmeldingane.

Det har vore svært utfordrande å stå i eit enormt press over fleire år, seier eks-kjæresten til NRK.

I tilalen kjem det fram at forholdet mellom dei to skal ha vart i nesten 8 år. Først frå 2012 til 2018 og deretter frå sommaren 2019 til november 2020. Sjølv forklarte Ødegård «at han hadde en relasjon til X (namn på kjærest) på det private plan frem til 2015, og sporadisk møtte henne så sent som i 2017».

Var i ferd med å rykke opp

Rett etter at politiet starta etterforskinga av Ødegård, blei han innstilt som nummer 1 til dommar i Frostating lagmannsrett. Etter planen skulle han utnemnast i Kongen i Statsråd allereie i sommar.

I påvente av politietterforskinga er utnemninga sett på vent, og torsdag kveld trekte Ødegård søknaden sin.