Hopp til innhold

Dommar Ole Ødegård er frifunnen for løgn i retten

Ole Ødegård har vore både politimeister, dommar og sorenskrivar. No er han frifunnen for løgn om elskerinna.

Kristiansund politistasjon

Her har Ole Ødegård arbeidd i mange år, og i ulike roller. Han har vore både politimeister, dommar og sorenskrivar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Gulating lagmannsrett er komen til at Ole Ødegård skal frinnast for skuldinga om løgn. Det er klart fredag ettermiddag.

Ødegård har hatt ein av toppjobbane i rettsvesenet i Møre og Romsdal. Han har vore dommar, fungert som politimeister og har i fleire år vore sjefen for domstolen på Nordmøre.

I tingretten blei han dømd. No er han frifunnen i Gulating lagmannsrett:

«Flertallet legger etter dette til grunn at det ikke kan anses bevist at tiltalte har forholdt seg som beskrevet i tiltalebeslutningen».

– Den er ein dom som inneber ei fullstendig reinvasking av sorenskrivar Ødegård. Stort tydlegare kan ikkje ein dom vere på at ein tiltalt er uskuldig og at tiltalen aldri skulle vore reist, seier forsvarar Halvard Helle.

Helle meiner dommen gjer det klart at Ødegård ikkje har gjort det som står i tiltalebeslutninga, og at uansett ikkje gjort det med vilje.

Halvard Helle

Halvard Helle er advokat for Ole Ødegård.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Hevda han laug om elskerinna

For den profilerte juristen starta problema då det blei stilt spørsmål ved om han var inhabil i ei rettsak der elskerinna hadde stått på vitnelista. Ho jobba i barnevernet og var innkalla som vitne.

Men han svarte at det var avslutta for lenge sidan.

Kort tid etter fortalte elskerinna i lokalavisa at dei to hadde møttest i skjul i lang tid, lenge etter det tidspunket han sa at det var slutt.

Les også Dommar dømd til fengsel for løgn om elskarinne

Liste over datoar kjæresten skal ha møtt Ole Ødegård i 2018

Både i tingretten og i lagmannsretten hadde den tidlegare elskerinna med seg ein bunke papir. Ho leste opp tid og stad for 25 hemmelege møte dei to skal ha i månadene etter at han forklarte for retten at det var over.

No konkluderer lagmannsretten med at forklaringane hennar er uklare og usikre på fleire punkt. Dermed blir han frifunnen.

– Retten har gjort si vurdering av bevisa, og det forheld eg meg til, seier kvinna til NRK.

Ho ønskjer ikkje å kommentere retten si vurdering av truverdet hennar.

Kristiansund politistasjon, Nordmøre tingrett

Her ved politistasjonen i Kristiansund skal dei to ha møttes fleire gonger.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Fleirtal for frikjenning i lagmannsretten

Ole Ødegård blei dømd til fengsel i 30 dagar då Hordaland tingrett behandla saka i vår.

Eit mindretal i lagmannsretten meiner framleis at Ødegård er skuldig, men fleirtalet frifinn han:

«Flertallet finner i korthet ikke bevist at tiltalte har forholdt seg som nærmere beskrevet i tiltalebeslutningen, og flertallet finner uansett ikke bevist at tiltalte på handlingstidspunktet opptrådte med slik subjektiv skyld som kreves («forsett»). Flertallet finner dessuten ikke det straffebudet som er angitt i tiltalebeslutningen anvendelig på det faktum som er beskrevet i tiltalebeslutningen, og flertallet finner heller ikke grunnlag for å anvende straffebudet i straffeloven § 221 på det faktiske grunnlag flertallet finner bevist. Flertallet finner slik sett at det foreligger flere selvstendige grunnlag for frifinnelse av tiltalte».

Dommen er ikkje rettskraftig før ankefristen er ute.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå statsadvokat Benedikte Høgseth.

Rettsak-Ødegård-06314

I tingretten blei Ole Ødegård dømd til fengsel i 30 dagar.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Tidslinje over saka mot Ole Ødegård

Saka mot Ole Ødegård har blitt behandla av retten to gonger. Her får du oversikt over detaljane i saka.

  • 27.-29. november 2018
    Omstridt barnefordelingssak i retten

    Ein far frå Austlandet møter i Nordmøre tingrett og kjempar for retten til å sjå barnet sitt. Rettsaka går i tre dagar, mannen taper saka. Faren kjenner godt til ei av dei som er stemna som vitne, ei kvinne frå barnevernet. Det han ikkje veit er at ho i lang tid har vore hemmeleg kjærest med dommaren i saka, Ole Ødegård.

  • 11. januar 2019
    Anonymt brev

    Barnefaren får eit anonymt brev i posten. Der står det at avsendaren meiner han bør vite at dommar Ole Ødegård gjennom mange år har vore kjæreste med kvinna frå barneverntenesten. Barnefaren vel under tvil å la saka ligge, og forklarer det mellom anna med omsynet til partane sitt privatliv og at det ikkje er mogleg å finne ut kven som har sendt brevet.

  • 23. oktober 2019
    Sender prosesskriv til retten om inhabilitet

    Nokre månader seinare kjem det ny informasjon om forholdet. Ein kollega i barnevernet skal ha fortalt til ein sakkunnig at Ødegård og kvinna er kjærestar. Det kan bety at dommen frå november 2019 der barnefaren miste retten til samvær med barnet sitt ikkje er gyldig på grunn av inhabilitet. Dette får barnefaren og hans advokat til å ta til motmæle. I eit brev til Frostating lagmannsrett skriv advokaten at Ødegård var inhabil og ber lagmannsretten om å undersøkje saka.

  • 25. oktober 2019
    Ødegård sender epost

    Lagdommar Bjørn Berg i Frostating lagmannsrett sender epost til Ødegård og orienterer om at dei har fått spørsmål rundt habiliteten. Berg ber Ødegård orientere han om relasjonen og om han sjølv meiner dette gjer han inhabil. Ødegård får også spørsmål om kva som eventuelt var grunnen til at han ikkje har sagt frå om dette i samband med rettsaka. Ødegård svarar slik: «Jeg hadde en relasjon til NN på det private plan i en periode da jeg arbeidet som kommuneadvokat, og har sporadisk møtt henne så sent som i 2017. Under foreldretvistsakens behandling i tingretten høsten 2018 tenkte jeg ikke på relasjonen til NN som problematisk».

  • 21. januar 2020
    Retten avviser inhabilitet

    I januar 2020 konkluderer Frostating lagmannsrett med at dommar Ole Ødegård ikkje var inhabil då han dømde i barnefordelingssaka i november 2018.

  • 22. mars 2020
    Høgsterett avviser saka

    22. mars 2020 avviser ankeutvalet i Høgsterett å behandle saka.

  • 19. januar 2021
    Kjæresten snakkar i Tidens Krav

    Eitt år etter skriv lokalavisa Tidens Krav om saka. Her teiknar det seg eit anna bilde av kjæresteforholdet. Kvinna i barnevernet hevdar i avisa at forholdet har pågått lenge etter at Ødegård har forsikra retten om at det er slutt. Ho hevdar at ho har store mengder tekstmeldingar som viser at dette stemmer. NRK har også sett fleire av desse meldingane. Ødegård går ut i lokalavisa kort tid etter og avviser framstillinga, utan å vere konkret på kva han eventuelt meiner er feil.

  • 18. mars 2021
    Melder saka til politiet

    Etter å ha lese i lokalavisa kva den tidlegare kjæresten til Ole Ødegård seier, bestemmer barnefaren som tapte barneforderlingssaka seg for å melde Ødegård til politiet. Han sender saka til Riksadvokaten og leverer også kopi av det anonyme brevet han fekk i posten to år før. Han varslar også Domstolsadminstrasjonen om saka.

  • 26. mai 2021
    Innstilt som nummer 1

    Trass i politisaka blir Ole Ødegård innstilt som nummer 1 for jobben som ny lagdommar i Frostating lagmannsrett. Innstillingsrådet er kjent med påstanden om at han skal ha loge for retten, og dette er ifølgje leiar Arnfinn Agnalt eit viktig tema under intervjuet. Rådet konkluderer med at Ødegård likevel er den beste for jobben.

  • 26. november 2021
    Politiet stadfestar

    Ole Ødegård blir formelt tiltalt for brot på Straffelova § 265, for falsk forklaring: «For i et dokument utstedt som ledd i rettspleie å ha gitt en uriktig erklæring som var bestemt til å brukes som bevis».

  • 3. desember 2021
    Ber om suspensjon

    Domstolsadministrasjonen ber Justisdepartementet suspendere Ole Ødegård i påvente av dommen, og rett over jul blir han formelt suspendert. I avgjerda heiter det mellom anna: «Slik adferd som fremgår av tiltalebeslutningen er uforenlig med de krav til integritet og personlig skikkethet som en dommer bør inneha, og bryter med den aktelse og tillit som er nødvendig for embete».

  • 1. mars 2022
    Rettsaka startar

    1. -3. mars 2022 gjekk rettsaka i Hordaland tingrett.

  • 7.-10. november 2022
    Ankesak i lagmannsretten

    7.-10. november 2022 gjekk ankesaka i Gulating lagmannsrett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL