Hopp til innhold

To menn dømde til fengsel for valdtekt

To menn i 20-åra er i Romsdal tingrett dømt til fengsel i fire og eit halvt år for valdtekt av ei 15 år gammal jente.

Valdtektene av den mindreårige jenta skjedde etter ein fest i Molde hausten 2011.

Jenta var svært rusa, og hadde lagt seg til å sove på ein benk då ho møtte mennene.

Ei gruppe med menn gjekk bort til jenta. Ho var så rusa at ho trudde ho kjende minst ein av dei, og at ho var trygg då ho vart med dei til ei leilegheit.

Les også: Tiltalt for voldtekt av jente

Ho la seg til å sove på ei seng i leilegheita, og dei to mennene brukte etter tur makt og valdtok henne.

Dette trass i at jenta gjorde motstand, gret og fortalte at ho berre var 15 år og ikkje ville.

Mennene er også dømde til å betale 200.000 kroner kvar i erstatning.