Hopp til innhold

Dømde for grov utruskap

To menn og ei kvinne frå Romsdal er dømde for grov utruskap i samband med selskapa Omsorgsbygg og Bygg Consult.

Romsdal Tingrett sal 3

Det er Romsdal tingrett som har lagt ned dom mot dei tre frå Romsdal.

Foto: Roar Jonny Strom

Dei tre personane er alle tilknytt selskapet Omsorgsbygg på ulikt vis. Den eine mannen var dagleg leiar for både i selskapet Bygg Consult og Omsorgsbygg. Kvinna som er dømt er kona til denne mannen. Den tredje var styreleiar i selskapet Omsorgsbygg.

Utruskap

Den tidlegare daglege leiaren er dømd til fengsel i to år og åtte månader. Åtte månader er gjort på vilkår. Romsdal tingrett fann han skuldig i utruskap for over tre millionar kroner. I tillegg kjem fleire andre lovbrot som har med økonomi å gjere.

Ein del av straffa er på vilkår, fordi retten kom til at saka har ligge lenge hos politiet.

Ifølgje dommen let han dei to selskapa betale for oppussing av ein bustadeigedom som kona eigde. I tillegg kom ei rekkje andre varer og tenester som selskapa betalte for utan at selskapa fekk noko motyting, heiter det i dommen.

Saka låg lenge

Den tidlegare kona hans er dømd til fengsel i 60 dagar utan vilkår. Ho blei dømd for grov utruskap for 176.000,- kroner. Straffa er lågare enn påstanden til aktor fordi retten kom til at etterforskinga av saka hadde teke lang tid.

I domsgrunnlaget heiter det at kvinna medverka til å få uberettiga vinning i samband med at Bygg Consult og Omsorgsbygg blei belasta for private utgifter til varer og tenester.

Styreleiaren

Styreleiaren er dømd for grov utruskap for om lag to millionar kroner. Straffa er sett til fengsel i to år og tre månader. Åtte månader er på vilkår fordi det har teke lang tid før saka kom til domstolen.

Gründeren og idéskapar

I dommen blir den daglege leiaren omtalt som gründeren i selskapet og idéskaparen bak Omsorgsbygg og selskapet Bygg Consult. Det var i hovudsak denne mannen som stod for den utoverretta verksemda i begge selskapa, ifølgje Romsdal tingrett.

Økonomisk vinning

Kvinna som no er dømt hadde i denne perioden felles økonomi med den daglege leiaren, men var ikkje direkte involvert i selskapa. Retten kom imidlertid at både ho og mannen skaffa seg uberettiga vinning ved å belaste selskap for private utgifter.

Sentral beslutningstakar

Den andre mannen, styreleiaren, var involvert i organiseringa av bilag og rekneskap. Retten kom til at også han hadde belasta private utgifter på firma. Mannen blir omtalt som ein sentral beslutningstakar i både Bygg Consult og Omsorgsbygg.

I domsgrunnlaget framgår det at også han skal ha belasta Bygg Consult for fleire private kjøp og varer og at fakturaer var påført uriktige opplysningar. Utgifter frå det eine selskapet skal ha blitt belasta det andre, og det skal ha vore ei samanblanding av selskapa sin økonomi og privatøkonomien i samband med eigedomskjøp.

– Omfattande økonomisk kriminalitet

I dommen heiter det at saka handlar om omfattande økonomisk kriminalitet. Dei involverte sytte for å ha omfattande økonomisk vinning gjennom å belaste selskapa for private utgifter. Det blir også tillat skjerpande vekt at dei to selskapa, samla sett, er drivne i tilnærma 4 år utan at rekneskap er ført på lovmessig måte, og utan at likningsoppgåver og meirverdiavgiftsoppgåver er sende til skattevesenet.