NRK Meny
Normal

Dømd til samfunnsstraff for valdtekt av 14-åring

Ein 18 år gamal mann er dømd til 420 timar samfunnsstraff for å ha valdtatt ei 14 år gamal jente inne på eit toalett på ein skule på Nordmøre tidlegare i år.

 Nordmøre tingrett

Ein 18 år gamal mann er dømd til 420 timars samfunnsstraff etter valdtekt av ei 14 år gamal jente. Mannen har tidlegare forklart at han ikkje forsto at ho ikkje ville.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var i mars i år den då 17 år gamle guten møtte ei 14 år gamal jente på ein skule på Nordmøre, for å ta farvel. Ifølgje dommen låste han henne inne på toalettet, og forgreip seg mot henne.

Nekta straffskuld

I retten nekta mannen straffskuld, og på førehand uttalte mannen sin forsvarar, Olav Cecil Bowitz til NRK at 17-åringen ikkje forsto at ho ikkje ville.

I dommen kjem det fram at ho fleire gongar sa nei, og motsette seg overgrepa, men at han ikkje gav seg. Retten er komen til at det er straffskjerpande at han låste døra til toalettet.

Det var TV2 som omtalte dommen først.

Les også:

Slepp fengsel

Mannen fekk for kort tid sidan opphald i Noreg, og UDI har tidlegare slått fast at han er fødd i 1997, medan han sjølv hevdar at han er to år yngre. Retten har lagt mannen si forklaring til grunn, og dermed var han berre 17 år då valdtekta skjedde. Dermed slepp han også fengselsstraff på tre år, men må i staden gjennomføre 420 timars samfunnsstraff i løpet av dei neste 14 månadene.

I tillegg må han betale 125 000 kroner i erstatning.