Hopp til innhold

Dømd til ni månader fengsel

Ein mann i 20-åra er dømd til ni månaders fengsel for eit grovt overfall mot ei kvinne i 20-åra i Volda i desember. I dommen frå Søre Sunnmøre tingrett står det at retten er sikker på at dei har dømd rett mann, blant anna på grunn av DNA-spor som blei sikra under etterforskinga. I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale 35.000 kroner i erstatning til kvinna som under rettssaka forklarte at ho frykta for livet då overgrepet skjedde. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka (krev innlogging).