NRK Meny
Normal

Dømd til fire års fengsel for valdtekt

Ein nordfjording i 30-åra er dømd til fengsel i fire år for å ha valdteke ei sunnmørskvinne i 20-åra.

Tingrett
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Nordfjordmannen må no sone fire år i fengsel, etter å ha kasta seg over kvinna i ein trappeoppgang etter eit nachspiel i Ålesund i fjor sommar.

I dommen kjem det fram at kvinna ikkje ville, og stritta imot, men at det ikkje hjelpte.

Møttest på pub

Dei to møttest på ein pub i Ålesund i fjor sommar, og gjekk etter kvart saman til eit nachspiel heime hos kameraten til nordfjordingen. Kvinna i 20-åra hadde aldri møtt nokon av dei to før, og vedgjekk i retten at ho hadde drukke.

I dommen kjem det fram at mannen viste interesse for henne både ute på puben og på nachspielet.

Mannen forklarte i retten at han var svært full, medan kvinna huska hovudtrekka i det som skjedde.

Etter at dei begge forlèt nachspielet valdtok han henne. Då kameraten høyrde bråket og kom ut, klarte ho å rømme.

Nekta straffskuld

Mannen vedgjekk valdtekta i tingretten, men trekte dette tilbake i lagmannsretten. Her forklarte han at han hadde samleie med kvinna, men at det skjedde frivillig.

Dette blei han ikkje trudd på.

Retten er komen til at mannen difor ikkje skal ha strafferabatt, slik han fekk i tingretten. Straffa er no sett til fire år. I tillegg må han betale sakskostnader på 10 000 kroner.