Dømd til fengsel i to år og fem månader etter sovevaldtekt

Ein kristiansundsmann i 20-åra er dømd til fengsel for å ha valdtatt ei sovande kvinne i fjor haust. Retten ser alvorleg på at han også filma henne naken.

Lovbok / Norges lover

Ein kristiansundar må no i fengsel i to år og fem månader etter å ha valdtatt ei sovande kvinne.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Det var natt til søndag 14. september mannen valdtok kvinna heime hos henne, etter eit nachspiel. Mannen forlet først heimen hennar, men gløymde igjen ein snusboks, og kraup deretter tilbake, gjennom eit vindauge. Då han fekk sjå henne sovande på ein sofa, forgreip han seg på henne.

Filma deler av overgrepet

Ifølgje dommen løfta mannen først av henne pleddet, før han dro ned strømpebuksa og trusa hennar. Mannen filma deler av overgrepet, før ho brått vakna og ringde politiet.

Mannen blei pågripen morgonen etter, og hadde då ein promille på 0,87. På mobiltelefonen hans fann politiet to filmklipp.

Fleire straffskjerpande moment

Retten meiner det er skjerpande at mannen tok seg inn i leiligheita til kvinna, trass i at ytterdøra var låst. Også det at deler av overgrepet blei filma, er straffskjerpande, meiner retten.

Kvinna har forklart i retten at hendinga førte til at ho ikkje klarte å stå i arbeidet sitt, og at ho drakk ein del alkohol i etterkant.

Huska ikkje

I retten forklarte mannen at han ikkje huskar å ha tatt av henne kleda eller forgripe seg på henne, men han nekta ikkje.

No må han i fengsel i to år og fem månader. I tillegg må han betale 100 000 kroner i erstatning.