Hopp til innhold

Dømd til fengsel i to år for vald mot sambuaren

Ein mann i 20-åra er dømt til fengsel i to år for vald mot sambuaren sin. Fleire gongar i løpet av over eit år slo og sparka han henne, tok kvelartak og trua henne.

Tingrett

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i to år. I fjor haust fekk han besøksforbod mot henne, men etter ei stund flytta dei likevel saman igjen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Dei to flytta saman igjen etter at ho melde han til politiet, men no blir han dømd til fengsel i to år og til å betale 75 000 kroner i erstatning for omfattande valdsbruk mot henne.

Ifølgje dommen møttest dei to under avrusing, blei kjærastar og flytta saman for to år sidan. Forholdet var prega av rus og krangel, og enda ofte med at mannen banka henne på ulike måtar. Ifølgje dommen både slo, sparka, kneip og beit han, i tillegg til å ta kvelartak på henne og kalle henne stygge ting.

Måtte berast på toalettet

Ein av episodane han no er dømd for skjedde i januar i fjor, då han sparka henne så hardt i baken, at ho måtte berast på toalettet.

Seinare på året tok han kvelartak på henne, slik at ho ikkje fekk puste, og frykta for livet. Han skal også ha bite og sparka henne fleire gongar.

Begynte å gråte under møte

Valden blei oppdaga i fjor haust, då dei to møtte opp på eit møte i Molde kommune. Kvinna begynte å gråte under møtet, og forklarte kva mannen hadde gjort mot henne. Dette førte til at han blei pågripen og fekk besøksforbod.

Men etter ei stund kontakta kvinna han på nytt, og flytte inn igjen i lag med han.

I retten vedgjekk mannen mykje av det han var skulda for, trass i at han huska lite. Samstundes la han vekt på at også ho slo og sa stygge ting.

Domfelt mange gongar

I dommen kjem det fram at mannen er dømd ei rekkje gongar dei siste åra. I tidsrommet 2010-2014 blei han straffedømd fire gongar, mellom anna for ran av ei eldre dame på eit kjøpesenter i Molde.

I tillegg til valden mot sambuaren er han også no dømd for å bere kniv og for tjuveri.

Ser alvorleg på familievald

I dommen heiter det at «hjemmet skal være et trygt sted for alle som bor der. De som blir utsatt for mishandlinger risikerer langvarige psykiske ettervirkninger. I tillegg er det ofte vansker med å oppdage og avdekke slike overgrep i hjemmet».

I tillegg til fengselsstraffa på to år, må han betale henne 75 000 kroner i erstatning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL