Hopp til innhold

Dømd til fengsel etter storbrann - 22 menneskeliv kunne gått tapt

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i over tre år etter ein storbrann i Rauma i fjor sommar. Filminnspelinga til Tom Cruise var truleg avgjerande for at det ikkje gjekk liv tapt.

Brann i flere flytningeboliger i Åndalsnes i Rauma torsdag formiddag

Storbrannen på Åndalsnes i Rauma i fjor kunne kosta mange menneske livet.

Foto: Evy Kavli

Åtte leiligheiter blei totalskadde under brannen på Åndalsnes i Rauma i fjor sommar. Han som sto bak brannen er no dømd til fengsel i tre år og to månader, melder TV 2.

– Han meiner dommen er feil, og vil anke den umiddelbart til lagmannsretten. Han seier han ikkje har gjort det, seier forsvarar John Arild Aasen til NRK.

Aktor Ingvild Thorn Nordheim ba i retten om 3 år og 2 månader og er tilfreds med resultat.

– Det er eit resultat som følgjer vår bevisoppbygging, seier ho.

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim er fornøgd med dommen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire småbarn i fare

I dommen kjem det fram at fleire småbarn måtte reddast ut av dei brennande leiligheitene, og at mange sto i fare for å omkome. På grunn av filminnspelinga til Tom Cruise i området var det både politi og brannvesen like ved. Det blei truleg avgjerande for at brannen ikkje fekk eit langt alvorlegare utfall, meiner retten.

Tom Cruise i helikopter

Filminnspelinga til Tom Cruise på Åndalsnes i fjor sommar gjorde at det tilfeldigvis var både politi og brannvesen like ved då brannen starta. Ifølgje retten var det avgjerande for at det ikkje gjekk menneskeliv.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

«Det nevnes her at brannen skjedde på dagtid der 22 personer, herunder små barn var hjemme i en boligblokk med mange leiligheter. Det var også flere ulike sårbare grupper hjemme. I skjerpende retning nevnes at tiltalte ikke foretok seg noe for slukke brannen.»

Ingen tekniske bevis

Også i dommen kjem det fram at det ikkje er tekniske bevis som knyter mannen til brannen. Retten er likevel ikkje i tvil om at det er han som står bak:

«Retten finner overhodet ikke grunn til å feste lit til tiltaltes forklaring i saken. For det første har han forklart seg inkonsistent og hans forklaring er overhodet ikke i samsvar med øvrige bevis. Han har etter rettens syn forsøkt å tilpasse sin forklaring mot andre bevis i saken.»

Mannen sin advokat held fast på at dei vil anke saka.

– Det er ingen tekniske vis, berre indirekte bevis og indisier. Det kan vere andre som har gjort dette, seier Aasen.

Trudde Tom Cruise-helikopter var etter han

I dommen går det også fram at den no dømde mannen skal ha trudd at helikopteret som dreiv med filminnspeling med Tom Cruise rett ved sidan av var på jakt etter han.

Det fortalte eit vitne i retten. Dei to var saman på branndagen og ifølge vitnet skal mannen ha verka psykotisk og snakka utan samanheng.

Då brannen skjedde føregjekk innspelinga av den nye Mission Impossible-filmen i Rauma og brannen blei oppdaga av filmmannskapet. Dei varsla bebuarar og hjelpte til i arbeidet.