NRK Meny

Dømd til fengsel i fire år

Ein moldemann i 40-åra er dømd til fengsel i fire år. I februar blei han og ein kamerat stoppa på Dovre med rundt eitt kilo amfetamin og metamfetamin. Mannen meinte straffa var for streng, og har no fått eit halvt år mindre i lagmannsretten. Deler av straffa er soning etter eit grovt ran i Finnmark med døden til følgje i 2006.