Hopp til innhold

Dømd for grov mishandling av sambuaren

Kvinna frå Romsdal levde under eit psykisk og fysisk valdsregime i to år. No er den tidlegare sambuaren hennar, også han frå Romsdal, dømd til fire års fengsel.

Romsdal tingrett

Ein mann i 20-åra frå Romsdal er dømd til fire års fengsel for fysisk og psykisk vald mot sambuaren sin.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det går fram av ein dom frå Romsdal tingrett.

Dei to flytta saman i starten 2013, og like etter starta valden. Ifølgje dommen frå tingretten var mannen valdeleg ved fleire høve og skal mellom anna tatt kvelartak, sparka, slått, skubba og spytta på kvinna. Mannen i 20-åra trua også kvinna gjentatte gonger. Valden skal ha skjedd både medan dei to var i ei sambuarforhold og etter at forholdet tok slutt.

Grov vald over lengre tid

Ved eit høve, då mannen frå Romsdal kom heim frå fest, skal han ha blitt sint på kvinna og slått henne gjentatte gonger i ansiktet, først med opa hand, og deretter med knytt hand. Mannen skal også ha pressa inn auga på kvinna med tomlane sine. Kvinna prøvde å kome seg unna, men mannen følgde etter. Mannen slo også hovudet til kvinna i veggen fleire gonger og sparka ho medan ho låg nede. Han skal så ha stramma hendene rundt halsen hennar slik ho svima av.

Kvinna skal ved fleire anledningar ha prøvd å bryte ut av forholdet. Ved eit høve prøvde kvinna å sette seg i bilen og køyre frå deira felles bustad. Då kom mannen etter og slengde bildøra igjen for å hindre at ho reiste. Kvinna fekk då handa imellom og den kom i klem. Mannen skal også ved fleire høve ha låst kvinna inne på badet for å hindre at ho skulle kome seg unna.

Ved eit høve skal mannen ha forsøkt å skaffe seg seksuell omgang med kvinna. Det var denne episoden som gjorde at kvinna til slutt valde å gå til politiet og melde mannen for vald.

Valdsregime

Retten beskriv dei gjentatte krenkingane mot kvinna som eit regime av gjentatt og til dels grov mishandling over ei periode på nærare to år. Kvinna forklarte også at ho ved eit høve var sikker på at han kom til å drepe henne.

– Kvinna har vore utsett for ei rekke alvorlege valdshandlingar frå mannen, og eit valdtektsforsøk. Ho har levd i frykt for ytterlegare valdshendingar, og blitt utsett for gjentatte psykiske krenkingar, står det i dommen.

Mannen erkjente straffskuld for delar av tiltalepunkta mot han då rettssaka starta i Romsdal tingrett førre veke, men nekta mellom anna straffskuld for tiltalepunktet knytt til det seksuelle overgrepet.

Mannen i 20-åra innrømte at han hadde hatt eit rusproblem i fleire år, og gav rusen skulda for hans valdelege åtferd. Mannen gav også uttrykk for stor anger i for det han hadde utsett sin tidlegare sambuar for.

I tillegg til fengselsstraffa på fire år blei mannen også dømd til å betale 100.000 kroner i erstatning til kvinna. Mannen er tidlegare dømd for vald og truslar ein rekke gonger.