Hopp til innhold

Stal millionar fordi han ikkje var nøgd med løna

Ein 24 år gamal mann er dømd til fengsel for å ha lurt unna over 2,5 millionar kroner frå to matbutikkar.

Norges lover

Mannen forsynte seg av pengar frå to butikkar han arbeidde i på Søre Sunnmøre. No er han dømd til fengsel.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Over ein periode på tre år frå hausten 2009 til hausten 2012 har mannen forsynt seg av pengar frå to butikkar han arbeidde i på Søre Sunnmøre.

24-åringen er no dømd til fengsel i eitt år og seks månader. Fire månader av fengselsstraffa er på vilkår, og mannen må betale tilbake pengane han har tatt.

Mannen har tilstått.

Grovt underslag

I tida mellom 2009 og 2010 stal mannen over 450 000 kroner frå ein butikk på Søre Sunnmøre. Han var på den tida butikksjef, og dette er straffeskjerpande fordi han hadde ei særleg fortrudd stilling. Det er også skjerpande at det er snakk om betydelege beløp.

Året etter vart han tilsett i ny butikk og der tileigna han seg til over 2,1 millionar kroner. I dommen står det at misnøye med løna årsaka til underslaga.

Ifølgje dommen skal mannen ha tatt pengane ved å ha slått inn returar i kassen utan at kundar hadde levert tilbake varer – falske returner. Det kunstige overskotet gjekk rett i lomma på 24-åringen.

Detaljar i straffeloven

Mannen er dømd for brot på straffelova paragraf 255 og 256.

§ 255. For underslag straffast den som i hensikt å skaffe seg eller andre ei vinning, pantsettar, forbruker eller på annen måte tileignar seg ein lausøyre, men som heilt eller delvis høyrer til ei annan.

Les meir frå straffelova her.

Straffa for underslag er bøter eller fengsel inntil 3 år. Medverking straffast på same måte.

§ 256. Grovt underslag straffast med fengsel inntil 6 år. Medverking straffast på same måte. Viss underslaget er grovt skal det særlig leggjast vekt på om verdien er betydeleg, om underslaget er gjort av offentleg tenestemann eller av nokon med særleg tillit som følger med hans stilling eller verksemd, om det er bokført uriktige rekneskapsopplysningar, utarbeidd uriktig rekneskapsdokumentasjon eller uriktig årsrekneskap, eller om den skyldige vitande er grunnen til velferdstap eller fare for nokons liv eller helse.