NRK Meny
Normal

Dømd til fengsel for mishandling av sambuar nummer tre

Ein nordmørsmann i 50-åra er dømd til fengsel for å ha mishandla den tidlegare kona si. Han er tidlegare dømd for det same mot to andre sambuarar.

Norges lover

Retten meiner det er klart straffeskjerpande at mannen også tidlegare er dømd for vald og truslar mot to sambuarar.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Nordmørsmannen vedgjekk ein episode, men nekta for resten då han nyleg møtte i Nordmøre tingrett. Han blei likevel ikkje trudd og må no i fengsel i eitt år og åtte månader.

Retten meiner han igjen har mishandla kvinna han budde i lag med, men at det også har gått utover ungane hennar.

I dommen frå Nordmøre tingrett kjem det også fram at det ikkje er første gongen mannen har vore hardhendt mot sambuarane sine. I 1994 blei han dømd for vald, truslar og skadeverk overfor to tidlegare sambuarar, i tillegg til mora og mormora til den eine.

Trua med å drepe henne

I den nye dommen kjem det fram at mannen har gått laus på den tidlegare kona si fleire gongar, første gongen berre nokre få månader etter at dei møttest og flytta i lag.

Ofte skjedde dette når mannen hadde drukke. Han slo, drog henne etter håret, og oppførte seg slik at ho fleire gongar måtte flykte derifrå.

I jula 2006 trua han med å drepen henne med kniv, og støytte knivbladet ned i senga like ved hovudet hennar. Ein gong gjekk han laus på henne slik at ho miste babyen deira i golvet.

Reiv håret av stedottera

Også steborna fekk smake valden. Ein gong dottera tok mora i forsvar, løfta han henne opp etter håret slik at deler av det blei rive av. Mannen sparka også stesonen i magen, før han sparka han i ansiktet slik at ei av fortennene losna.

I dommen kjem det også fram at han audmjuka borna ved å seie at den eine var tjukk og den andre dum og svak.

I retten sa den tiltalte mannen at kvinna berre var ute etter å skaffe pengar, og at heile saka var eit skodespel. Dette ser retten bort frå.

Lang tid gir kortare straff

Aktor bad om fengsel i 2 år og seks månader, men fekk ikkje medhald i det.

Retten viser til at lang saksbehandlingstid bør gje strafferabatt.

Mannen må difor i fengsel i eitt år og åtte månader. I tillegg må han betale til saman 350 000 kroner i erstatning for den tidlegare kona og hennar to born.