Hopp til innhold

Dømd til fengsel for grov familievald

Ein 39-åring busett på Sunnmøre er dømt til fire år i fengsel for grov familievald og truslar over fleire år.

Dom fra Sunnmøre tingrett

Mannen er busett på Sunnmøre men har bakgrunn frå Trøndelag.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Særleg sambuaren hans har vore utsett for både fysisk og seksuell vald. Mannen både slo, sparka og lugga henne. Men også dei fire borna har fått gjennomgå fysisk og psykisk.

Kvinna fortalde i retten at han var valdeleg minst ti gongar i året, og truga heile familien med å ta livet deira. Borna har ifølgje dommen også vore vitne til at faren har slått brennbar væske på golvet og trua med å tenne på.

Fire av dei fem barna han har forsørgaransvar for har også vore utsette for vald, og skal ha vore vitne til at faren var valdeleg mot mora fleire gonger.

For sambuaren og dei tre eldste barna har valden strekt seg over ein periode på minst seks år.

Vurderte å montere overvakingskamera

Kvinna beskreiv i retten mannen sin som sjalu og kontrollerande. Ifølgje henne vurderte han på eit tidspunkt å montere overvakingskamera heime.

Dersom ho var på arbeid, blei ho oppringt med jamne mellomrom. Kvinna forklarte også at på ei vakt fekk ho til saman 103 oppringingar frå vedkomande.

Ho sa også at han kravde å få eit mobilbilete frå henne kvart femte minutt, for å sjekke at ho ikkje hadde folk rundt seg på kontoret sitt.

Problem med alkohol

39-åringen er ikkje tidlegare straffa, men vedgjekk i retten at han har eit alkoholproblem, og det saman med sjukdomen tourettes har gjort det vanskeleg å kontrollere sinnet sitt.

Slik retten ser det er det ingen tvil om at sambuaren og barna har levd under eit regime prega av uvisse og frykt.

«Hus og heim ligg under kvinnfolket»

Den tidlegare sambuaren hans fortalde i retten at den arbeidsledige mannen hennar bidrog minimalt i heimen. 39-åringen uttalte i retten at «hus og heim ligg under kvinnfolket».

I dommen heiter det at mannen har hatt for vane å plassere seg i ein godstol på stova, medan kona og etterkvart borna sprang til og frå med mat og øl.

Ein gong ho ikkje var rask nok ut av senga for å hente mat til han, skal ho ha blitt sparka i ryggen slik at ho hadde problem med å sitje oppreist i ein periode.

Må ut med 600 000 kroner

Mannen må også betale nesten 200 000 kroner i erstatning til sambuaren og 100 000 kroner til kvart av dei fire barna.

39-åringen sit for tida i varetekt i Hustad fengsel.