NRK Meny
Normal

Dømd til fengsel etter råkøyring i 161 km/t i 80-sona

Ein 22-åring frå Ålesund må i fengsel etter å ha råkøyrt i 161 km/t i ei 80-sone. I passasjersetet sat veslebroren.

Fartskontroll

22-åringen blei målt med lasar på innfartsvegen til Ålesund. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

22-åringen må no ta pause frå studia sine, og blir sitjande i fengsel i 28 dagar, etter råkøyring tidlegare i sommar.

Ifølgje dommen sa han i retten at det er vanskeleg å sone i fengsel når han studerer utanfor landets grenser, men det har ikkje retten tatt omsyn til.

Per Einar Hollum er distriktsleder for utrykningspolitiet i Midt-Norge

Distriktssjef Per Einar Hollum i Up karakteriserer køyringa på innfartsvegen i Ålesund som svært grov.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Dette er ein svært grovt lovbrot. Alle skjønar at dette er svært, svært farleg både for sjåføren og medpassasjerar å køyre slik, seier Up-sjef Per Einar Hollum.

Han seier at UP frå tid til annan møter folk som køyrer svært fort, men at dette er i det øvre sjiktet av det dei vanlegvis ser.

Forbikøyring med veslebroren

Ifølgje dommen blei han målt i 161 km/t under ei forbikøyring i 80-sona på innfartsvegen frå Ålesund sentrum til Moa. I passasjersetet sat veslebroren.

Det var i 01-tida natt til 4. juli i sommar han køyrde. I retten har han lagt alle kort på bordet, og vedgått den hasardiøse farta.

Les også:

Langt over grensa for fengselsstraff

Ifølgje dommen blir all råkøyring over 136 km/t i 80-soner automatisk fengselsstraff, og slik retten ser det ligg ein dermed langt over grensa for fengselsstraff.

Det å ferdast i trafikken er eit samspel, og når enkelte vel å køyre slik, utset dei andre for ein fare som ein absolutt ikkje ventar å møte, seier Hollum.

I tillegg til fengselsstraffa misser 22-åringen førarkortet i to år og ein månad. Skal han ha tilbake førarkortet, må han avleggje full, ny førarprøve.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med 22-åringen.