Hopp til innhold

Dømd til fengsel etter å ha brekt ribbein på politimann

Ein 46 år gamal sunndaling er dømd til fengsel i seks månader for å ha sparka ein politibetjent slik at han brekte eit ribbein.

Nordmøre tingrett
Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Basketaket skjedde våren 2013, i samband med at barnevernet og politiet forsøkte å hente tilbake eit barn til fosterheimen sin. Det endte med at 46-åringen sparka ein av politibetjentane i overkroppen, slik at han brekte eit ribbein.

46-åringen forklarte i retten at han puffa til politibetjenten fordi han brukte unødvendig vald mot sonen. Dette har ikkje retten trudd han på, men ser tvert om spesielt alvorleg på at guten var vitne til valden mot politiet.

Dømd for mlijøkriminalitet

I retten blei mannen også dømd for miljøkriminalitet etter å ha laga hol i det fulle gjødsellageret på garden sin, slik at husdyrgjødsel rann utover innmarka, og ned i Lomundsjøen. Trass i at landbruksstyresmaktene våren 2012 påla mannen å reparere og tømme gjødselkjellaren, skjedde det ingenting. Dette førte til at husdyrgjødsel rann i to bekkar ned til Lomundsjøen, der det er etablert naturreservat med mellom anna raudlista elvemusling.

Beita hos naboen

Mannen er også dømd for å ha sleppt dei omlag 100 kyrne sine ut på garden, utan å ha nødvendig gjerde rundt eigedommen. Dermed gjekk dei over til naboen fleire gongar, og beita der.

Øydelagt fjøsgolv

Mattilsynet på Nordmøre vedtok sommaren 2012 at mannen ikkje lenger kunne ha dyr ståande inne i fjøsen sin, fordi deler av golvet var øydelagt. Problema med golvet blei påpeikt allereie i 2003, utan at noko skjedde. Under inspeksjon i 2012 fann Mattilsynet fleire dyr inne, trass i vedtaket, og mannen er også dømd for dette.

Fare for liv og helse

I tillegg fann Arbeidstilsynet ut at fleire utanlandske arbeidarar arbeidde i fjøsen, trass i at det var overhengande fare for liv og helse. .

Mannen er også dømd for å ha selt ein hogstmaskin som tilhøyrde banken og for ulovleg å ha skytevåpen.

Vedgjekk ikkje straffskuld

Mannen har ikkje vedgått straffskuld. No må han i fengsel i seks månader og i tillegg betale 5000 kroner i sakskostnader.