Dømd til 90 dagar fengsel

Ein mann er i Nordmøre tingrett dømd til 90 dagars fengsel for seksuell omgang med barn under 16 år. Han må også betale 50 000 kroner i erstatning. Den tiltalte fekk strafferabatt på grunn av lang ventetid hos politiet. Mannen har sona ein dom på seks månadar for liknande forhold før.