Dømd til 2 år og seks månadar

Ein stefar er i Frostating lagmannsrett dømd til fengsel i 2 år og 6 månadar for passiv medverknad til mishandling i nære relasjonar. Det var mora som utførte mishandlinga av dei tre barna, der det yngste barnet døde av skadane det vart påført. Stefaren som hadde omsorgsansvar er dømd for å ikkje ha gjort nok for å hindre valden.