NRK Meny
Normal

– Handlingane ber preg av tortur

Ein mann busett på Sunnmøre er dømd til 11 års fengsel for fleire grove valdtekter. Statsadvokaten seier dommen er ein av dei strengaste straffene som har blitt gitt for valdtekt i Noreg.

Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier dommen er ein av dei strengaste straffene for valdtekt i Noreg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var i april i år at mannen busett på Sunnmøre blei dømd til ti års fengsel for fleire valdtekter og grov mishandling av to kvinner. Mannen blei også dømt til å betale til saman 480.000 kroner i erstatning til dei to kvinnene.

Mannen i slutten av 30-åra vedgjekk ikkje straffskuld for valdtektene eller mishandlinga og anka dommen til Frostating lagmannsrett. I Sunnmøre tingrett vedgjekk mannen noko bruk av vald mot den eine kvinna, men det var ifølgje mannen fordi kvinna hadde starta det.

Grove valdtekter og mishandling

I 2015 forgreip mannen seg fleire gonger mot ei kvinne ved å bruke grov vald. Ifølgje dommen frå lagmannsretten går det fram at mannen jamleg skal ha slått, sparka og truga kvinna i løpet av ei periode på to månader.

Gamle Ålesund tinghus, no politihuset

Ankesaka blei behandla i Frostating lagmannsrett.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Mannen blei også dømd for å ha valdteke ei anna kvinne i 2014. Også her blei det brukt grov vald med spark og slag. Mannen blei dømd for å ha kasta tunge gjenstandar på kvinna, rispa henne opp med kniv og for å ha brent henne med sigarettar.

Aktor og statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier at dommen er ein av dei strengaste straffene som har blitt gitt for valdtekt i Noreg. Saka hadde i utgangspunktet ei strafferamme på inntil 21 års fengsel. Bakgrunnen for det er den grove naturen som desse valdtektene har hatt.

– Det er snakk om torturliknande handlingar i samband med valdtektene. I tillegg er det fleire valdtekter over tid som har skjedd på ein særs audmjukande og smertefull måte, seier ho.

11 års fengsel

Lagmannsretten behandla saka i slutten av august og la vekt på at valdtektene var utførte på ein svært grov og valdeleg måte.

Lagmannsretten såg ingen formildande moment i anken og konkluderte med å dømme mannen til 11 år fengsel.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale 250.000 og 300.000 kroner i erstatning til dei to kvinnene, noko som er 70.000 kroner meir enn i den opphavlege dommen frå Sunnmøre tingrett.

Har anka saka

Mannen har anka saka frå lagmannsretten. Forsvarer for mannen, Paal Berg Helland, seier at den domfelte er ueinig i resultatet.

– Han anker saksbehandlinga, straffeutmålinga og korleis lova har blitt brukt i saka. Han meiner han er uskyldig, og at straffa frå lagmannsretten er for streng i forhold til det den var i tingretten, seier han.