Hopp til innhold

Dømd for valdtekt av eiga halvsøster

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel for å ha gjort fleire overgrep mot eiga halvsøster.

Norges lover og klubbe

ILLUSTRASJONSFOTO: Dømd for overgrep.

Mannen er dømd til fengsel i Romsdal tingrett i fire år, der tre år er vilkårsbunden. Han er også dømd til å betale 200 000 kroner i erstatning til halvsøstera.

Tiltalte sjølv nektar straffeskuld, og hevdar han ikkje har utført overgrepa som er skildra i tiltalen, men retten festar ikkje lit til forklaring hans.

Mannen er dømd for å ha hatt seksuell omgang med halvsøstera si, overgrepa skal ha skjedd frå ho var ni år og tiltalte var 16, og i ei periode på tre år.

Dei to budde saman med si felles mor når overgrepa skal ha skjedd.

I dommen heiter det at tiltalte har grovt utnytta tillitsforholdet, lojalitet og avhengigheitsforholdet dei har hatt med kvarandre. Samstundes finn retten det formildande at mannen var svært ung når overgrepa ha skjedd.

Alvorleg sak

– Dette er ein forferdeleg tragisk sak, for heile familien, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Straffa er litt lågare enn det statsadvokaten bad om, og dei vil ta det til vurdering om dei vil anke saka.

– Vi bad i utgangspunktet om ein litt strengare straff, men det handlar om ein ung person, og i utgangspunktet ankar vi ikkje dommen, seier ho.

Sjølv om retten trudde på forklaringa til jenta, står mora til dei to søskena ved sonen si forklaring.

Har anka dommen

Mannen som nekta straffskuld har anka dommen mot han, det opplyser advokaten hans.

– Min klient ønskjer ikkje å gi noko kommentar ut over det, seier advokat Wenche Brandstad.